Eg har alltid vore fascinert av lys og vakre fargar, så då eg oppdaga samspelet mellom lys og farga glas i teknikken fusing, var eg bergtatt! I 1996 etablerte eg meg som glaskunstnar i gardstunet vårt i Bjørheimsbygd. Kjellaren i folgehuset som blei gjort om til utstillingslokale med utsal blei i 2003 utvida med 50 kvmtr. tilbygg.  Nytt glasstudio blei bygd i 2001. Der er det plass for demo av teknikken for grupper på opptil 45 personer og “workshop” for grupper på 5-15 personer, etter avtale.

Eg smeltar saman fleire lag spesialglas i dei fargane og med det designet eg ønsker. Deretter former eg glaset ved hjelp av varme. Kombinasjonen av handverk og eigen design resulterer i produkt med særpreg og kvalitet. Ønsker du å gje ein spesiell presang frå deg eller verksemda du representerer, spesialdesigner eg etter ønske.Kvart år ønsker me bussgrupper både frå inn- og utland velkomne. Når dette er avtala på forhånd, står eg klar med nytrekt kaffi laga over åpen flamme.

Velkommen innom!